I desse dagar har det blitt sendt ut ei informasjonsbrosjyre om konfirmasjon i posten til alle døypte født i 2010. Brosjyra inneheld ein invitasjon til informasjonsmøtet, men du er sjølvsagt hjarteleg velkommen på møtet sjølv om du ikkje har motteke nokon brosjyre.
På samlinga vil de få meir informasjon om konfirmasjonsopplegget, og møte den nye soknepresten Sigrun Lønning Solvang. Dei som er på møtet er og med på å fastsette når konfirmasjondagane skal vere i dei ulike kyrkjene i 2025. Etter møtet kan du melde deg som konfirmant på "mi kyrkjeside".